Mandagsforedrag: Mellomalderballadar

Dato: 27.10.2025

Beskrivelse

Mellomalderballadar - frå bergensk hoffkultur til folkekultur
Med Linda Røyseth Sandhåland

I dette føredraget vil Linda Røyseth Sandhåland fortelje om og syngje utdrag av mellomalderballadar.
I bygginga av norsk nasjonalkultur og identitet på midten av 1800-talet, var folkeminnesamlarane særleg opptekne av å dokumentere dei eldste folkevisene våre; mellomalderballadane. Desse gamle visene har til alle tider rørt, underhalde og inspirert menneska på si vandring gjennom tid og rom. Dei fortel om historiske hendingar, om kjærleik, lengt og overtru, dei kan vere skjemtande eller spottande.

Ingen veit kven som har dikta dei, men dei har vorte sunge og omarbeidd av songarar frå alle samfunnslag gjennom hundrevis av år. Ein del av visene har også motiv som ein kan kjenne att frå andre stadar i Europa, og her ser det ut til at kong Håkon Håkonsson (1204-1263) og hans hoff i Bergen har spelt ei rolle. Ikkje alle distrikt i Noreg var like interessante for dei første folkeminnesamlarane våre, og der det frå Telemark er dokumentert hundrevis av mellomalderballadar, er det dokumentert få frå kysten. Ser ein derimot godt etter, finn ein fragment som fortel oss at dei gamle mellomalderballadane framleis lever i folkekulturen vår også her i vest.

Linda Røyseth Sandhåland har mastergrad i etnomusikologi frå UiB, er utdanna folkesongar frå Ole Bull Akademiet og musikkpedagog frå Griegakademiet, samt logoped. Ho har fordjupa seg i vokal folkemusikk frå kysten av Hordaland og er mellom anna med-redaktør for den digitale nettressursen Barnesongboka med lokale barnesongar frå Strilelandet. Ho har lang erfaring som utøvande folkesongar, pedagog og kurshaldar for ulike aldersgrupper, og har motteke fleire stipend og prisar for sitt arbeid med formidling av kystsongen.

Full oversikt over høstens mandagsforedrag finner du her.

Foredraget holdes i museets auditorium, med 160 plasser. Utstyrt med teleslynge.
Språk: Norsk
Varighet: 45 - 60 minutter. 

Bestill billetter

Salget er avsluttet nå mandag, 27 oktober 2025
dager
  • Monday, 27. October 2025 - Monday, 27. October 2025
ganger
  • 12:00 — 12:45
Adresse
  • Bryggens Museum
    Bryggens Museum
    5003, Bergen
Aldersgruppe
Tilbakebetaling og avbestilling
  • På grunn av begrenset sitteplass, ber vi deg avbryte minst 48 timer før et planlagt arrangement. Dette gir oss muligheten til å fylle arrangementet.
    Du kan avbestille via telefon eller online her.
  • Avbestillinger gjort 7 dager eller mer i forkant av arrangementets dato, vil få 100% refusjon.
  • Avbestillinger gjort innen 3 - 6 dager før arrangementets dato vil få et tillegs gebyr på 20%.
  • Avbestillinger gjort innen 48 timer til arrangementet vil få et tillegs gebyr på 30%.